[HEIM]

Jolemorgon i Nordland

Upp ved Nordlands lange strender
Under høge myrke fjell
Sol seg snøgt til skugge vender,
Ljos og myrker misjamt fell.
Medan sumarsoli strålar
Dag og natt på fjell og fjord
Og med gullglans landet målar,
Då det fagert er der nord.

Men når vetterstormar durar,
Snjoen fjell-imillom fyk,
Båror bryt som høge murar,
Sjoen kvit fyr vinden ryk:
Då si ljose åsyn gøymer
Under hav den signa sol,
Folk i myrker gjeng og drøymer,
Ventar solhov fram mot jol.

So ein jolemorgon tidleg
Derfrå drog eit kyrkjelag.
Stjernor blinka til deim blidleg,
Lova ljos og fager dag.
Snart dei grannebåtar nådde,
Rodde fram i reid og rad.
Til Guds hus dei trugne trådde,
Og i kor dei salmar kvad.

Då eit uvêr brådt fell yver
Land og hav med kov og dam.
Snjo og driv i syni gyver,
Snaudt ein ser til stamnen fram.
No er gode råder dyre,
Her det gjeld um mange liv.
No Guds hand må halda styre,
Elder lukt til havs dei driv.

Full av folk den vesle båten
Duvar på den ville fjord.
Kvinnor rædde tek til gråten,
Gluntane på livet ror.
Kven skal veg i myrkret finna?
Dei ser ingi leid og méd,
Ingi råd til fram å vinna:
Sårt til Gud um ljos dei bed.

Då dei høyrer klokka tima –
Alle gluntar lyfter hatt.
So dei ser ei stjerna glima
Gjenom myrke uvêrsnatt.
Sjå, der stend ho yver kyrkja
Og deim viser veg til liv:
Snjo og sky, som vil deim myrkja,
Hennar strålar sunder riv.

Heilag hugnad då dei kjenner,
Som um dei den stjerna såg,
Som ein gong dei vise menner,
Lyste dit, der Jesus låg.
Til den stjerna dei seg vender,
Då i land dei frelste kjem,
Og si takk dei Jesus sender,
Stjerna blid frå Betlehem.

Elias Blix


Denne sida vart sist endra 31.01.2005.

HTML-utforming ved Herman Ranes. Dersom du hev merknader eller framlegg til endringar, kann du senda e-post åt <herman.ranes@hist.no>.