Her kjem me, dine arme småHer kjem me, dine arme små, vår Jesus, til din stall, å sjå. Send oss ditt ljos i hjarta inn, so vegen fram til deg me finn! Med song so spring me deg imot og kysser støvet for din fot. å signa stund, å sæle natt, då du vart fødd, vår sjele-skatt! Velkomen frå din himmelsal ned til vår tåredimme dal, der dei deg inkje anna gav enn stall og krubbe, kross og grav! Men Jesus, å kor gjeng det til at då so fåe kjenna vil den kjærleik himmelhøg og stor som drog deg til vår arme jord? So drag oss til ditt hjarta nær, vår sjeleven so god og kjær, so kvar av oss so inderleg i hjartans tru må fagna deg! Lat ikkje verdi med si makt oss draga frå vår dåp og pakt; men gjev, vår lyst og lengting må til deg, til deg åleine stå! So skal me syngja sigerssong med alle heilage ein gong, og i ditt sæle paradis deg prisa høgt på englevis. Her stend me no i flokk og rad kring deg, vårt fagre hjarteblad. Å, hjelp at me òg alle må i himlen kring din kongsstol stå! Hans Adolf Brorson, oms. Elias Blix |
HTML-utforming ved Herman Ranes. Dersom du hev merknader eller framlegg til endringar, kann du senda e-post åt <herman.ranes@hist.no>.