[HEIM]

Fager er jordi

Fager er jordi, herleg er Guds himmel,
glade gjeng sjelene pilgrimsgong.
Gjenom dei fagre rike på jordi
gjeng me til paradis med song!

Tider skal koma, tider burt skal kverva,
ætt skal fylgja ættarrad.
Aldri skal tagna tonen frå himlen,
sjeli sitt glade pilgrimskvad.

Englane song det fyrst for hyrdingflokken,
vent det tona for sjeli mødd:
«Fred yver jordi, menneske, gled deg,
oss er ein evig frelsar fødd!»

Bernhard Ingemann, oms. Gunnar T. Rysstad


Denne sida vart sist endra 6.12.2002.

HTML-utforming ved Herman Ranes. Dersom du har merknader eller framlegg til endringar, kan du sende e-post til <herman@iet.hist.no>.