[HEIM]

Fager er den himmel blå

Fager er den himmel blå,
sælt det er å skoda på
kor dei gylne stjernor blinkar,
kor dei smiler, kor dei vinkar
|: oss frå jordi upp til seg. :|

Det var midt i jolenatt,
kvar ei stjerna blinka matt,
men med eitt på himmelboge
stråla det så bjart ein loge
|: som ei liti stjernesol. :|

Når den stjerna ljos og blid
viste seg ved midnattstid,
gjekk frå gamalt ordi slike,
at ein konge utan like
|: skulle fødast på vår jord. :|

Vise menn frå austerland
ferdastaven tek i hand,
denne kongen vil dei finna,
denne kongen vil dei vinna
|: og for honom bøygja kne. :|

Og til Davids by dei kjem,
finn han der i Betlehem,
utan kongestav og kruna,
der det sit ei fattig kona,
|: voggar barnet på sitt fang. :|

Stjerna leidde sant og visst
vise menn til Jesus Krist.
Me hev òg den same stjerna,
vil meg berre fylgja gjerna,
|: finn me til vår Frelsar fram. :|

Denne stjerna bjart og mild,
som kann aldri leida vill,
er det glade og det store
fagnadbod i bibelordet
|: til å lysa for vår fot. :|

Nikolai Grundtvig, oms. Anders Hovden


Denne sida vart sist endra 17.12.2004.

HTML-utforming ved Herman Ranes. Dersom du hev merknader eller framlegg til endringar, kann du senda e-post åt <herman.ranes@hist.no>.