[HEIM]

Eit barn er født i Betlehem

Eit barn er født i Betlehem,
i Betlehem,
di frygdar seg Jerusalem.
Halleluja, halleluja!

Her ligg han i eit krubberom,
eit krubberom,
ei ende hev hans herlegdom.
Halleluja, halleluja!

Men ukse der og asen stod,
og asen stod,
og såg sin Gud og Herre god.
Halleluja, halleluja!

Tri kongar kom frå austerland,
frå austerland,
gull røykels, myrra gav dei han.
Halleluja, halleluja!

Han boren er forutan mein,
forutan mein,
av møy Maria, sæl og rein.
Halleluja, halleluja!

For denne glade joletid,
for joletid,
me lovar Gud, vår Herre  blid.
Halleluja, halleluja!

Lov takk og pris i æve all,
i æve all,
Trieinig Gud, deg vera skal.
Halleluja, halleluja!

Til norsk ved Bernt Støylen


Denne sida vart sist endra 17.12.2004.

HTML-utforming ved Herman Ranes. Dersom du hev merknader eller framlegg til endringar, kann du senda e-post åt <herman.ranes@hist.no>.