[HEIM]

Eg synger jolekvad

Eg synger jolekvad,
eg er so glad, so glad!
Eg ser min Jesus kvila
som barn i ringe kår,
på moderfanget smila
som soli varm og klår.
|: Han er Frelsar min! :|

Kom, vesle barn, til meg,
eg lengtar etter deg!
Kom, du som sorg kan linna,
stig inn um her er smått,
lat meg deg sjå og finna,
då fær eg det so godt!
|: Drag meg etter deg! :|

Kor er Guds kjærleik stor,
Guds son er no vår bror!
For me i synd var selde
og låg i trælestand,
han knuste daudens velde
og opna livsens land.
|: Eia, var me der! :|

Kvar er vel gleda slik,
som upp i himilrik,
der englesongen tonar
til harpor utan tal
frå alle millionar
i himlens kongesal!
|: Eia, var me der! :|

Tysk, oms. Bernt Støylen


Denne sida vart sist endra 17.12.2004.

HTML-utforming ved Herman Ranes. Dersom du hev merknader eller framlegg til endringar, kann du senda e-post åt <herman.ranes@hist.no>.