[HEIM]

Eg er so glad kvar jolekveld

Eg er so glad kvar jolekveld,
for då vart Jesus fødd.
Då lyste stjerna som ei sol,
og englar song so søtt.

Det vesle barn i Betlehem,
han var ein konge stor,
som kom frå høge himmelborg
ned til vår arme jord.

No bur han i sin himmelheim,
han er Guds eigen son.
Men alltid minnest han dei små
som bed med tru og von.

Eg er so glad kvar jolekveld,
då syng me Jesu pris,
då lèt han opp for alle små
sitt vene paradis.

Ho mor, ho kveikjer alle ljos,
dei skin i kvar ei krå;
for heile verdi, seier ho,
skal jolestjerna sjå.

Ho seier stjerna skin enno
og aldri slokna kann,
og fær ho skina på min veg,
so finn eg himlens land.

Ho seier alle englar syng
enno om fred på jord,
at himlen like open er,
Guds kjærleik like stor.

Å, gjev eg kunde syngja so,
då vart visst Jesus glad,
for eg vart òg Guds kjære barn
ein gong i dåpens bad!

Eg er so glad kvar jolekveld,
so glad i Jesus Krist,
og at han ogso elskar meg,
det veit eg sant og visst.

Marie Wexelsen, oms. Bernt Anker


Denne sida vart sist endra 17.12.2004.

HTML-utforming ved Herman Ranes. Dersom du hev merknader eller framlegg til endringar, kann du senda e-post åt <herman.ranes@hist.no>.