[HEIM]

Du grøne, glitrande tre

Du grøne, glitrande tre, god dag!
Velkome, du som me ser so gjerne,
med joleljos og med norske flagg
og høgt i toppen den gylte stjerne!
|: Ja, ho må blenkja, so me må tenkja :|
|: på Jesus Krist. :|

Den fyrste jol i eit framandt land
den store stjerna på himlen lyste.
Ho skulle syna for alle mann
den ringe heim som vår frelsar hyste.
|: I stjerneglansen gjekk engledansen :|
|: um Betlehem. :|

Om Jesusbarnet fortalde mor
om kvelden heime, når me var inne.
Me veit hans bod og hans milde ord,
og aldri dei skal gå oss or minne.
|: På han me tenkjer når stjerna blenkjer :|
|: på joletre. :|

Johan Krohn, oms. Bernt Anker


Denne sida vart sist endra 17.12.2004.

HTML-utforming ved Herman Ranes. Dersom du hev merknader eller framlegg til endringar, kann du senda e-post åt <herman.ranes@hist.no>.