[HEIM]

Den store stjerna

Den store stjerna som steig i aust
med ljos over verda
tende vår von for framtidsferda
i heimsens mørke haust.
Den store stjerna
gjer oss fri
med sit bod no ved juletid.

Den store stjerna for fyrste gong
bar bod om ein frelsar.
Fattig og rik går fram og helsar
eit nyfødt barn med song.
Den store stjerna
gav oss ord
med ei von for vår veike bror.

Den store stjerna i natta kald
har synt oss eit under
lyser med trøyst i tunge stunder
for folk i tusental.
Den store stjerna
høg og klår
er vårt ljos på den veg vi går.

Den store stjerna står klår som før
og bed oss å dela
gje alt vi kan og såra heila
hos våre svoltne brør.
Den store stjerna
gjer oss fri
med sitt bod no ved juletid.

Trygve Hoff


Denne sida vart sist endra 24.11.2006.

HTML-utforming ved Herman Ranes. Dersom du hev merknader eller framlegg til endringar, kann du senda e-post åt <herman.ranes@hist.no>.