[HEIM]

Å jol med di gleda

Å jol med di gleda og barnlege lyst
me ynskjer deg alle velkomen!
Me helsar deg alle med jublande røyst:
Ti tusunde gonger velkomen!

Me klappar i hendene,
me synger og me lær,
so glad’ er me, so glad’ er me,
me svingar oss i krinsen og nigjar, og bukkar.

De austerlands vise som stjerna fekk sjå,
me veit kvar de lengtar å fara.
For me vil òg gjerne til Betlehem gå,
må de ferdafylgjet vårt vara!

Me klappar i hendene …

So rekkjer eg deg no med gleda mi hand,
kom skund deg og gjev meg den andre!
So knyter me kjærleikens heilage band
og lovar å elska kvarandre.

Me klappar i hendene …

Gustava Kielland, oms. Bernt Anker


Denne sida vart sist endra 17.12.2004.

HTML-utforming ved Herman Ranes. Dersom du hev merknader eller framlegg til endringar, kann du senda e-post åt <herman.ranes@hist.no>.